"Det herskande motivet i denne filmen er dei to fiskekrokane som møter einannan og formar eit hjarta", sa Kim Ki-duk sjølv om The Isle. I sin fjerde film vender han attende til det sado-masochistiske tilhøvet mellom mann og kvinne.
Hyun-shik møter den stille og mystisk kvinna Hee-jin på ein avsidesliggjande innsjø full av flytande hytter lenka fast til botnen. I einsemda på vatnet vert dei elskarar og forlet litt etter litt den menneskelege verda. Det kraftfulle fysiske forholdet deira aukar stadig i spaning, tufta på samspelet mellom seksualitet og død. Nærleiken mellom kroppane deira tillet ikkje den typen kjensler som er avfødt av sosiale konvensjonar. Vatn og blod gneg seg gradvis forbi byrdene frå fortida og alt anna som ikkje er på linje med ein instinktiv og ordlaus lidenskap, ein lidenskap som igjen skapar attrå, svartsjuke og raseri. The Isle er gjennomsyra av fengslande biletsekvensar, og forsterkar ryet til Kim Ki-duk som filmskaparen som kontemplerer gjennom bileter.
Kim Ki-duk (1960) har en spesiell plass innen koreansk film og han har jobbet med enorm effektivitet de siste årene. Siden debuten CROCODILE i 1996 har han laget 6 spillefilmer. WILD ANIMALS (1997), BIRDCAGE INN (1998), THE ISLE (1999), REAL FICTION (2000), ADDRESS UNKNOWN (2001), og SYKE JÆVEL (2001). Han har ingen filmutdannelse eller noen slags "kulturell" bakgrunn, snarere tvert imot. Han sluttet tidlig på skolen, og jobbet på fabrikk før han vervet seg i marinen. Han livnærte seg med kunstmaling i Paris før han returnerte til Korea. I løpet av de siste årene har han blitt en av de mest feirede regissører i den internasjonale filmfestival-verden. Han karakteriseres som en svært kontroversiell geriljaregissør med sine ekstremt lave budsjetter og høye hastighet.