Real Fiction er ein eksperimentfilm skoten med ti kamera. Den er ei utforsking av filmmediet sine uttrykksmoglegheiter. Opptaka varte berre tre timar. Med assistanse frå elleve andre filmskaparar skapte Kim Ki-duk tolv sekvensar om audmjuking, vald og hemn. Ein portrettmålar blir plaga både av kundar og andre forbipasserande. I møtet med ei videofilmande kvinne kjem kjenslene hans til overflata, og han legg ut på eit grufullt hemntokt mot folka som har fått han til å lide.
Sekvensane, som både byrjar og endar i parken der hovudpersonen målar portrett, granskar eit vidt spekter av situasjonar og tilhøyrande åtferdsmodellar. Søkinga etter indre impulsar og kjensler viskar gradvis ut skiljet mellom røynd og fantasi. Byen vert verande ein uendra konstant gjennom filmen, medan hovudpersonen sitt eige medvit endrar seg fortlaupande. Raseriet og reaksjonane skildra i Real Fiction uttrykkjer likevel ikkje berre individuelle instinkt, men freister også å tale som ei felles stemme for dei underpriviligerte samfunnsborgarane sin traumatiske livssituasjon.
Kim Ki-duk (1960) har en spesiell plass innen koreansk film og han har jobbet med enorm effektivitet de siste årene. Siden debuten CROCODILE i 1996 har han laget 6 spillefilmer. WILD ANIMALS (1997), BIRDCAGE INN (1998), THE ISLE (1999), REAL FICTION (2000), ADDRESS UNKNOWN (2001), og SYKE JÆVEL (2001). Han har ingen filmutdannelse eller noen slags "kulturell" bakgrunn, snarere tvert imot. Han sluttet tidlig på skolen, og jobbet på fabrikk før han vervet seg i marinen. Han livnærte seg med kunstmaling i Paris før han returnerte til Korea. I løpet av de siste årene har han blitt en av de mest feirede regissører i den internasjonale filmfestival-verden. Han karakteriseres som en svært kontroversiell geriljaregissør med sine ekstremt lave budsjetter og høye hastighet.